Tuesday, December 28, 2010

Jul i Lisjeheida!

Ej he hatt ei fantastisk jul! Her e nåkken småglimt! Ester he blitt en kløppar på å ta bilde, og ho he tatt det første her!

Mi niese Ester og min nevø Even Mathias!

Onkel Sølve og Even lese bok!

fornøgde Filip he fått sej heimelaga tørka frukt!

snøen ute venta på oss, så vi finne fram kleda..

..og alle hjerter gleder seg!!

heile skokken i bakken utforbi huset!

mamma he en sterke mann!

pappa gjer sej klar - og bomma på akebrettet!

søtaste blånissen!

Hatlen residence!

mamma fe sej en gratis heistur, frede fe sej en trim. vinn -vinn!

gjengen på spark!

broren e tydelig fornøgde!

kjære mann, måkje du bli kalde oppi halsen!

hopp tjolahei

julemiddagen nesten klar!

kjeme ikkje unna middagskvilen ette årets beste middagsmåltid!

spente små!

fine juletreet med tente stearinlys!

entusiasme!

1. juledag gjekk/aka vi til kirke!

..så gjør vi så når til kirke vi går!

Deilig jul!

Wednesday, December 1, 2010

På livet si side

I dag leste eg ein artikkel av Kjell-Einar Ljones i DagenMagazinet om abortsaka og det han omtalte som "eit vemodsfylt 50-årsminne". Over lengre tid har eg tenkt at jeg ønsker å fylle denne bloggen med tjukkare stoff enn berre musikk og bilder av kvardagsliv, og dette temaet var tydeligvis det som skulle til for å engasjere meg nok til å legge skriftspråket om til nynorsk og dele mine meiningar og tankar om dette. I artikkelen legg Ljones fram ulike argument, innlegg og formuleringar rundt vedtekten av den fyrste abortlova 11. novmber 1960. Referat frå Stortinget tyder på at intensjonen var å verne livet, og dei fleste innlegg hadde tydeligvis eit meir eller mindre klart ønske om dette. Lova hadde fire indikasjonar for abort: medisinske, arvemessige, etiske og sosiale. Mest strid var det om dei sosiale indikasjonane. Det er klart at det kan oppstå f.eks. svært vanskelege, etiske dilemma i situasjonar der f.eks. livet til mor står på spel ved graviditet eller fødsel, og ved slike situasjonar vil eg trø varsamt når vi er inne på dette temaet. Likevel er det ikkje slike problem som har ført til den eksplosive auka i abort-tala sidan lova vart vedteken. Siste endringa av lova, om fri abort, kom i 1978. Grunngjevinga for denne lova er etter mi meining tynnare enn ein sytråd. Bakgrunnen for mine sterke meiningar om dette står skreve svart på kvitt i denne artikkelen der Ljones legg fram fakta om fosterets utvikling: 

"Etter cirka 19 dagar, ein fase med eksplosiv vekst, byrjar nokre celler å slå rytmisk; eit lite hjarte. Når barnet er seks veker, er dei fleste organa ferdig danna. Etter sju veker er fingeravtrykket ferdig utmeisla, barnet rører armar og bein. Når barnet er ti veker kan det gripe ein gjenstand. Det reagerer på smerte, berøring, kulde, lys og lyd. Av og til søv det, ofte med fingeren i munnen"


dette biletet viser eit 10 veker gammalt barn i mors mage!

Kven tør å påstå at dette ikkje er eit menneskeliv? Ljones siterer ei framståande kvinne i likestillingsdebatten som, i sammenheng med spørsmålet om det skulle haldast minnestund for aborterte foster, sa om lag slik: "Det vil skape skyldfølelse og erkjennelse av at det kanskje var et liv. Nå må vi slutte med dette pratet. Stortinget har jo vedtatt at det ikke er noe liv før tolvte uke!" Det medisinsk/biologiske som vitnar om underet som skjer i ein augneblink når to celler smeltar saman, lyg ikkje. Alt er fastlagd; gemytt, smilehol, evner og anlegg. Det er her livet startar. Her og ingen annan stad. Verken Stortinget, kongelege eller presidentar kan vedta noko anna. 

Kjell-Einar Ljones er ifølge DagenMagazinet pensjonert lege, og i tillegg til artikkelen eg har tatt utgangspunkt i, har han òg skreve dette diktet:

Eit frø fekk spira i moders liv, skapt av Han som all skapning giv livet og levedagar. Han forma i kjærleik den første substans, alt fekk sitt utspring i handa hans som allting fullkome lagar.

Eit ørlite barn fekk si første form; livet vaks, og det vaks som ein storm, kvar dag, ja, frå time til time. Tenk, nitten dagar - å under stort, eit lite hjarte det banka så fort. Alt var lagt i den vesle kime.

Og barnet modnast kvar dag som gjekk. Alt si form og sin farge fekk som den vakraste symfoni. Det smatta på fingeren, vakte og sov, og visste ikkje at ein var på rov for å bryte ein slik harmoni.

Og så kom dagen med mørkheims gru. Med lova i hand, det veit eg og du vart barnet frårøva livet. Skaparen såg med sorg sitt barn fanga i øydarens vonde garn, eit liv som Han hadde give.

Høyrer du gråten så stille og var? Anar du smerten hjå barnet ho bar? Skjønar du dette sviket? Ei synd så stor vil vi aldri gløyma. I bøna vi dette barnet vil gøyma hjå Far vår i himmelrike. Korleis er det råd å øve slik vald? Korleis kan kjærleiken bli så kald? Korleis kan vi gjere dette? Vi veit at livet blir skapt av Han, ei kjærleikens frukt mellom kvinne og mann. Nå må vi velje det rette. 

Å, Gud, kan du tilgi vårt land og folk, som lenge har bruka ein nådelaus dolk og valda barnet slik våde. Vi kjem fram for deg i bøn for vårt land. Framleis treng vi di signande hand over vårt heimland i nåde.

Himmelske Far, tilgi også meg som så ofte har svikta deg når du bad meg stå og stride. Løyn meg, Frelsar, i kjærleiken din. Hjelp meg å gå i kampen inn og vera på LIVET si side.